front

Arrangement

Beklager ingen arrangement er satt opp.

Nytt og aktuelt

Fylkesjubileet viktig og vellukka

På siste møtet i fylketinget heldt fylkesordførar Åshild Kjelsnes sin årlege tale om "rikets tilstand". I oppsummeringa av det viktigaste som hadde skjedd i fylket siste året, fekk fylkesjubileet, som no går mot slutten, ein brei plass. Og ho nytta høvet til å takke alle som har vore med å bidrege til feiring over heile fylket. "Eg vil takke alle dei gode kreftene som har medverka til ei så solid og vellukka markering. Dette er nok eit døme på at vi med dugnad, samarbeid og noko offentleg innsats maktar å få til store ting i fylket vårt", sa Kjelsnes frå talarstolen. "Oppsummert meiner eg vi har lukkast med å realisere visjonen for jubileet og vi har langt på veg nådd måla våre".

JUBEL MED DEI UNGE

Laurdag 18.januar innbyr Gloppen musikkfest til Festkonsert i kultursalen i Trivselshagen med unge klassiske talent frå heile fylket. Deltakarane representerer stor breidde både geografisk og instrument. Dette vert ein spennande konsert med presentasjon av mange flotte talent fylket rundt! Konserten skulle opphavleg gått i haust som ein del av fylkesjubileet. Derfor forlenger vi jubileet litt ekstra for å få plass til denne viktige konserten på jubileumsprogrammet.

Forlenger jubileumsåret: Nyttårskonsert med Sigrid Moldestad

Fylkesjubileet er ikkje heilt over når vi rundar nyttår. 4.januar blir det nyttårskonsert i Florø kyrkje med sjølvaste fylkesartisten, Sigrid Moldestad. Ho og bandet hennar kjem til konserten, som både blir ei avrunding av fykesjubileet og markerer starten på 125-årsjubileet til Sogn og Fjordane sitt eldste hornorkester, Florø Hornmusikk. Og då får vi òg oppleve ein nytt bestillingsverk av Eirik Husabø spesialskrive for Florø Hornmusikk sitt jubileum!

Vinnarfilmane i "Dokument13" kåra på Qfilm-festivalen

I samband med at Sogn og Fjordane fylke feira 250-årsjubileum i 2013 vart det lyst ut ein filmkonkurranse for ungdom: Dokument 2013. I korte dokumentarfilmar skulle ungdom formidle kva dei var opptatt av, fortelje om kvardagar, interesser, hobbyar etc. Ut av dei mange kortfilmane skal det så lagast eit dokumentarfilm, samansett av klipp frå dei mange innsende filmane. "Høst på Nordfjord Folkehøgskule", "What's life" og "Øyriket Solund" til topps i fylkesjubileets "Dokument 13".

Finst Sogn og Fjordane?

Kva identitet har innbyggjarane i Sogn og Fjordane? Dette må vi vel prøve å finne eit endeleg svar på før jubileumsåret er ute! Er vi sognogfjordingar, eller er vi sogningar, sunnfjordingar og nordfjordingar? For finne svar på dette blir det ein debattkveld på De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum 28. nov. kl. 19.00. der har vi henta inn ulike kapasitetar som innleiarar:Leiar i Nynorsk avissenter Arve Sandal, prosjektleiar Fylkeshistorie for Sogn og Fjordane Ole Svein Stugu, frilansjournalist Marit Bendz og fylkespolitikar Frank Willy Djuvik. Det blir òg underhaldningsinnslag ved Jens Brekke, som ikkje kjem til å legge fingrane i mellom! Sjå kort referat frå debatten.

Site developed by S. M. Bjørklund