Ei heil jubileumsveke på Leikvin

Dato og sted

Dato: 
Torsdag, desember 5, 2013 - 16:00 til Laurdag, desember 7, 2013 - 16:00
Addresse: 
Leikvin
Den gamle skrivargarden på Løken i Nordfjord
Nordfjordeid
På den vakre, historiske skrivargarden Leikvin, på Løken i Eid kommune, blir det feira jubileum i over ei veke, både Leikvin sitt eige jubileum og fylkesjubileet. Det startar den 29. november med ope hus, omvisingar og servering. Då deltek også tidlegare domkyrkjearkitekt, Arne Gunnarsjaa, som denne helga held foredrag både laurdag den 30. november og søndag den 1. desember. Det blir tett og innhaldsrikt program heile veka. Fredagen 6. desember er det klart for eit grunnlovseminar for å markere at vi snart er på veg inn i 2014 og med det også 200 – årsjubileet for den norske grunnlova. Då deltar m.a. Karsten Alnes, forfattar og historikar og han blir med òg på laurdag.

 

Dette blir altså ei veke proppfull av interessante foredrag og hendingar.

LEIKVIN HAR SJØLV SINE JUBILEUM Å FEIRE.
Det eine er det faktiske, at tida heilt i frå den første skrivaren kom Nordfjord og Løken i år 1700 og fram til den siste forlet staden på 1950- talet også, til liks med fylkesjubilaren Sogn og Fjordane, strekkjer seg over ein periode på 250 år. Og om ein går til dei historiske kjeldene for Leikvin, gjekk det, på nokre månader nær, ganske nøyaktig 200 frå den skrivaren som var ansvarleg for byggjinga av hovudhuset, eller Skrivarlåna som huset også gjerne vert kalla, kjøpte skrivargarden på Løken i 1756, til den siste skrivaren flytte her i frå i 1957.   Skrivarkontoret og – bustaden vart då fråflytta og lagt til Nordfjordeid.  I desse dagar, nær på dagen for 40 år sidan, vart også avgjerda teken som førte til at dette historiske anlegget vart overført i frå offentleg til privat eige.  Dette skiftet, som synte seg å verte vellukka, kom i stor grad i stand takka vere den positive haldning og det framsyn dei nye eigarane, kunstnarane Siv Jørstad og Inge Rotevatn, vart møtt med av dei lokale politikarane i Eid for sine planar for å setje i stand og sikre kulturskatten Leikvin.

JUBILEUMSVAFLAR

 På opningsdagen vert det servering av Leikvin – jubileumsvaflar, musikalske innslag og omvising inne i Skrivarlåna, med forteljingar og døme på korleis ei lang rekkje av skrivarane med sine familiar, kontorpersonale og tenestefolk har levd på Løken, frå tidleg 1700- tal fram til midten av 1950 – talet.  Mykje av den kunnskapen ein har om dette i dag har kome fram i seinare år gjennom historier formidla til og teke vare på av dei som bur her no, i frå vitjingar av og samtaler med slektninger av dei som budde på Leikvin i tidlegare tider.

 

Sivilarkitekt MNAL og tidlegare domkyrkjearkitekt , Arne Gunnarsjaa, kjem til Leikvin i helga frå den 29. november til den 1. desember 2013.  Arne Gunnarsjaa, som var forfattar av m.a.  Arkitekturleksikon, kjem då til den gamle skrivargarden på Løken i Nordfjord med eit foredrag han har kalla ”"Kystens embetsmannskultur sett i et arkitektonisk og nasjonalt perspektiv, i spenningen og virkefeltet mellom det internasjonale og det nasjonale".

HISTORISK ARKITEKTURVANDRING

 Første mogelegheit for å få med seg denne vandringa gjennom arkitektur- og stilhistoria på norskekysten, innanfor dei same veggane som har hyst embetsmenn og deira familiar, forpaktarar og tenestefolk, i arbeid og til fest i fleire hundre år, vert laurdag, den 30. desember kl. 15.  Og for dei som eventuelt gjerne skulle ha fått  dette foredraget  med seg, vert det gjeve eit nytt høve til det allereie neste dag, søndag den 1. desember, til same tid, kl. 15.

Ein bør vurdere å tinga seg plass til desse tilstellingane på førehand for å vere sikra ein plass, men det vil også vere mogeleg å få kome med ved oppmøte på dagen for kvart arrangement – kom då gjerne i litt god tid før det tek til.

INFORMASJON OG BILLETTAR:

For meir informasjon om det som skjer på Leikvin og bestille billettar til denne jubileumsveka i månadsskiftet november- desember, kan de kontakte Rune Rotevatn på telefon (+ 47) 94 17 69 86

PROGRAMMET DAG FOR DAG:

  • Fredag, den 29. november kl. 1600 – 2000 Ope hus på Leikvin.
    Omvising av eigar med historiske anekdotar, musikk ved Kari Standal Pavelich og Olga Pavlova, med fleire.
    Utstilling ved Kirsten Skov Bjerre, servering av Leikvin jubileums vaflar. Fri inngang
  • Laurdag, den 30. november kl. 1500 – 2100 ope på Leikvin
    Kl. 15.00- 1700"Kystens embetsmannskultur sett i et arkitektonisk og nasjonalt perspektiv, i spenningen og virkefeltet mellom det internasjonale og det nasjonale"., seminar ved tidlegare domkyrkjearkitekt, Arne Gunnarsjaa.
    Kl. 1800 - 2000. Litteraturhistorie, Amalie Skram og Nordvestlandet, av forfatter & biograf, Merete Morken Andersen
  • Søndag, den 1. desember kl. 1500 –2100 ope på Leikvin.
    KL. 15.00 – 1700 Arkitekturhistorie, Arne Gunnarsjaa,, sjå også laurdag.
    Kl.1800 -2000 “Folkemusikk i Nordfjord gjennom tidene”, kåseri & konsert ved Arne M. Sølvberg
  • Mandag, den 2. desember 2013.
    Kl. 1800 - 2000 konsert med Arne M. Sølvberg som vil musisere & kåsere om ”Folkemusikken i Nordfjord gjennom tidene”.
  • Tysdag, den 3. desember kl. 1700 - 2100 Ope på Leikvin.
    Kl. 1800 - 2000 Litteraturhistorie, Henrik Ibsen, vestlandsreisa i 1862 & diktaren si stilling i 1864, av forfattar og biograf, Einar Landmark
  • Onsdag, den 4. desember 2013. kl. 1500 – 2100 Ope på Leikvin.
    Kl. 1800 - 2100 Seminar ”Unionsoppløysinga i 1905, i eit nasjonalt & lokalt perspektiv”, historikar Jon Tvinnereim, Volda, og Kristen Hundeide, Nordfjordeid.
    Konsert på spinett og klaver, ved kantor i Eid kyrkje, Ralph Cupper.
    Dikt: Knut Naustdal
  • Torsdag, den 5. desember 2013.
    kl. 1800 - 2000 konsert med Arne M. Sølvberg, spelar & kåserer om ”Folkemusikken i Nordfjord gjennom tidene”
  • Fredag, den 6. desember 2013. kl. 1700 – 2200 Ope på Leikvin.
    Kl. 1800 - 2200 Grunnlovsseminar – 200 årsjubileum 2014 – Karsten Alnæs, Anders Timberlid og Eirik Holmøyvik.
    Dikt: Nils Asbjørn Gjerland
  • Laurdag, den 7. desember 2013 kl. 1200- 1600 ope på Leikvin.
    Kl. 1200 - 1400 seminar ”Historiske liner fra hendingane i 1814, 1905 & fram til vår tid” Karsten Alnæs og Eirik HolmøyvikMEIR OM PROGRAMMET: Sjå vedlegg

 

 

 

 

 

 

 

Site developed by S. M. Bjørklund