Finst Sogn og Fjordane?

Kva identitet har innbyggjarane i Sogn og Fjordane? Dette må vi vel prøve å finne eit endeleg svar på før jubileumsåret er ute! Er vi sognogfjordingar, eller er vi sogningar, sunnfjordingar og nordfjordingar? For finne svar på dette blir det ein debattkveld på De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum 28. nov. kl. 19.00. der har vi henta inn ulike kapasitetar som innleiarar:Leiar i Nynorsk avissenter Arve Sandal, prosjektleiar Fylkeshistorie for Sogn og Fjordane Ole Svein Stugu, frilansjournalist Marit Bendz og fylkespolitikar Frank Willy Djuvik. Det blir òg underhaldningsinnslag ved Jens Brekke, som ikkje kjem til å legge fingrane i mellom! Sjå kort referat frå debatten.

Etter å ha feira fylket i nesten år, er tida komen for å spørje kva vi eigenleg feirar!  Som vi no godt veit, etter jubileet, vart den administrative eininga Sogn og Fjordane skapt ved eit kunstgrep i 1763. Lite knytte dei ulike delane av fylket saman då. Korleis er dette no? I kva grad  har den vilkårlege fylkeseininga frå 1763 vorte ei naturleg eining, og kva har å så fall gjort ho til ei naturleg eining?

Kva identitet har innbyggjarane til Sogn og Fjordane? Er vi sognogfjordingar, eller er vi vi sogningar, sunnfjordingar og nordfjordingar? Dette er spørsmål som vi ynskjer å belysa, gjennom tre-fire fagleg innlegg og gjennom eit par mindre alvorlege underhaldningsinnslag, og kanskje noko musikk.

Problemstillingane er aktuelle både som ei slags oppsummering av fylkesjubileet, og med bakgrunn i at dei to regjeringspartia Høgre og Framstegspartiet har  programfesta at dei skal leggja ned fylkeskommunen. Dette treng ikkje bety at ikkje fylket kan bestå som ei eining, men truleg med langt mindre tyngde og kraft som identifikator).

Desse problemstillingane ynskjer vi å få belyst gjennom fire korte innleiingar (ca 15. min. kvar),og ein open paneldebatt, der  vi også ynskjer ein aktiv sal. I tillegg har vi invitert forfattaren og humoristen Jens Brekke som vil setja eit skråblikk på sogningar og fjordingar.

Kva identitet har innbyggjarane i Sogn og Fjordane? Er vi sognogfjordingar, eller er vi sogningar, sunnfjordingar og nordfjordingar?

Debattkveld på De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum 28. nov. kl. 19.00.

Innleiingar ved leiar i Nynorsk avissenter Arve Sandal, prosjektleiar Fylkeshistorie for Sogn og Fjordane Ole Svein Stugu, frilansjournalist Marit Bendz og fylkespolitikar Frank Willy Djuvik. Underhaldningsinnslag ved Jens Brekke.

KORT REFERAT FRÅ DEBATTEN:

 

SOGN OG FJORDANE FINST!
På debattmøtet på Sogn Folkemuseum torsdag var svaret JA på spørsmålet: «Finst Sogn og Fjordane», der eit femtitals menneske fekk ein interessant og perspektivrik kveld. Det kan vere så som så med den felles fylkesid...entiteten, og samhaldet er ikkje alltid det beste, men Sogn og Fjordane er oppegåande, skaper verdiar og har viktige grunnleggande verdiar å ta vare på: «Natur, natur, natur!» sa frilansjournalist og tilflytta fylkesfrelst trønder Marit Bendz (bildet). Sogn og Fjordane kan produsere reine naturopplevingar og rein mat og det må fylket satse på. Fylket kan bli det første klimanøytrale fylket og eit heiløkologisk fylke, noko som vil bli og meir etterspurt, og folk vil komme hit for å oppleve dette. Å tvihalde på olje og gruvedrift er gammaldags næringspolitikk, sjå heller til bølgekrafteventyret til Geir-Arne Solheim i Måløy, sa Marit Bendz.
-----
Frank Willy Djuvik, Frp-politikar meiner heller ikkje fylket vil bli borte, men målet er å få fjerna fylkeskommunen som administrativ eining. Fylkeskommunen lammar utviklinga i fylket p.g.a. den interne taudraginga i alle saker, der alle skal få litt og ingen skal få så det monnar. Sterke kommunar vil mykje kraftigare kunne kjempe for sine interesser og støtte framtidsretta næringar og tiltak. «Smått er godt»-tenkinga er altfor einerådande i Sogm og Fjordane, meinte Djuvik.
-----
Den som klarast påpeika kor store verdiar vi har i fylket med fantastisk natur og framtidsretta næringar med dyktige innovatørar, var han som vart introdusert som «fylkesbyggaren»: NRK-sjef, banksjef, forfattar og no leiar for Nynorsk Avissenter, Arve Sandal. Gloppar, busett i Førde. Det tristaste han opplever er at det for enkelte (politiske) leiarar i fylket er minst likså viktig at andre delar av fylket mislykkast som å lykkast sjølv. Den indre striden er øydeleggande, slik E39-striden no er i Nordfjord. Vi må sjå kva eit samla fylke kan få til og støtte kvarandre. Derfor vi l det bli ei ulykke om fylkeskommunen blir lagt ned. Dette er eit samla forvaltningsnivå som kan ta vare på og styrke det positive i Sogn og Fjordane. Blir fylkeskommunen oppløyst, må ei heil rekke middels store kommunar kjempe for sine interesser, mot naboen og mot ei sterk sentralmakt. «Vi ser ikkje kor godt vi har det, derfor kjempar vi ikkje for det vi har.» Han etterlyste også fleire «høvdingar» i fylket, som Arvid Andenæs, Oddvar Flæte og ein Rasmus Mo i Sogndal.(Foto: Ingvild Ramstad).

 

 Ingvild Ramstad)

 

 

 

 

Site developed by S. M. Bjørklund