Forlenger jubileumsåret: Nyttårskonsert med Sigrid Moldestad

Fylkesjubileet er ikkje heilt over når vi rundar nyttår. 4.januar blir det nyttårskonsert i Florø kyrkje med sjølvaste fylkesartisten, Sigrid Moldestad. Ho og bandet hennar kjem til konserten, som både blir ei avrunding av fykesjubileet og markerer starten på 125-årsjubileet til Sogn og Fjordane sitt eldste hornorkester, Florø Hornmusikk. Og då får vi òg oppleve ein nytt bestillingsverk av Eirik Husabø spesialskrive for Florø Hornmusikk sitt jubileum!

Sigrid Moldstad framstår no som den største artisten Sogn og Fjordane har å by på, og ho samlar fulle hus på alle konsertar der ho er med og har apell i alle aldersgrupper. Gjennom fylkesjubileumsåret har ho vore ein gjennomgangsfigur og har delteke på ei rekke hendingar. Ikkje minst var ho dronninga under Kringkastingsorkesteret sin konsert på Nordfjordeid.

Og 4.januar er ho tilbake i Florø og Florø kyrkje. Der var ho med og drog i gang Florøjubileet for 4 år sidan. Det var på ein konsert i lag med Florø Hornmusikk, der ein del av Sigrid sine komposisjonar vart spesielt arrangert for Flørø Hornmusikk og Sigrid Moldestad m/band. I tillegg skal Sigrid og bandet hennar spele ei rekke av Sigrid sine låtar. Og Hornmusikken vil saman med Kinn Kyrkjekor servere litt av sitt nyttårsrepertoar. No blir dette endå ei avrudning av fylket sitt jubileum, og samtidig er dette starten på Florø Hornmusikk sitt eige jubileum: I 2014 blir Florø Hornmusikk 125 år og dette blir m.a. markert med at Florø Hornmusikk skal spele eit nytt bestillingsverk av Eirik Husabø, som fekk så stor suksess med "Tri tonar", bestillingsverket som KORK framførte på Eid.

Dette blir ein festkveld.

Billettar til konserten, som startar kl 18.00, kan kjøpast på www.florasamfunnshus.no

 

Site developed by S. M. Bjørklund