Fylkesjubileet viktig og vellukka

På siste møtet i fylketinget heldt fylkesordførar Åshild Kjelsnes sin årlege tale om "rikets tilstand". I oppsummeringa av det viktigaste som hadde skjedd i fylket siste året, fekk fylkesjubileet, som no går mot slutten, ein brei plass. Og ho nytta høvet til å takke alle som har vore med å bidrege til feiring over heile fylket. "Eg vil takke alle dei gode kreftene som har medverka til ei så solid og vellukka markering. Dette er nok eit døme på at vi med dugnad, samarbeid og noko offentleg innsats maktar å få til store ting i fylket vårt", sa Kjelsnes frå talarstolen. "Oppsummert meiner eg vi har lukkast med å realisere visjonen for jubileet og vi har langt på veg nådd måla våre".

I "juletalen" sin til fylkestinget sa Åshild Kjelsnes dette om fylket si markering av 250-årsjubileet:

 Vi er iferd med å legge bak oss eit aktivt jubileumsår. Visjonane for fylkesjubileet var:
- Vi ønskte å synleggjere eit Sogn og Fjordane som byggjer opp om kreativitet og nyskaping.
- Vi ville styrke kunnskapen om Sogn og Fjordane gjennom det historiske perspektivet.
- Vi Ville bygge ein sterkare identitet knytt til det å vekse opp og bu i Sogn og Fjordane.
- Det var eit mål at 250-års jubileet skulle markerast i alle kommunane i fylket gjennom store og små arrangement, aktivitetar, underhalding og debattar.


Fekk vi dette til?


Eg trur vi kan summere opp med markeringar i heile fylket. Alle aktivitetar har
hatt både eit kortsiktig og eit langsiktig perspektiv. Det kortsiktige er
opplevingane der og då. Det langsiktige er forståinga av at Sogn og Fjordane er
eit fylke med både store menneskelege ressursar og store naturressursar.
Desse ressursane skal hegnast om og heiast fram til felles beste for fylket og
innbyggjarane.


Vi vil ikkje kunne lukkast utan den samlande krafta som ligg i samarbeidet
mellom aktørane i fylket. Særleg vil eg løfte fram det nære samarbeidet vi har
hatt med fylkesmannen i samband med feiringane. Dette samarbeidet er i vårt
fylke også svært godt i mange andre samanhengar. Eg meiner det er ein viktig
styrke for fylket vårt. Vi er vand å samarbeide på tvers og sjå ressursar i
samanheng. Det har overføringsverdi for andre deler av landet.
Ungdommen har vore ei viktig målgruppe for hovudkomiteen i fylkesjubileet.
Ungdommen var med frå starten i samband med Ungt entreprenørskap si
fylkesmesse, via ungdomsbedrifter og grupper på gründercamp og aktiv
deltaking på framtidskonferansen i Balestrand.


Det har også vore stort engasjement av ungdom i kreative prosessar, gjennom
ei rad konkurransar og produksjonar innan ulike sjangrar og ungdommar har
reist som ein raud tråd med førestillingar over heile fylket.
Likeeins har eit breitt spekter av næringar, lag og organisasjonar vore
representert med aktivitetar innan jubileumsramma.
Det historiske perspektivet er godt ivareteke av Høgskulen, i arbeidet med
fylkessoga, historieseminar, foredrag og artiklar. Alt har bidrege til auka
kunnskap om historia vår, noko som også gir eit godt utgangspunkt for
debatten vidare.


Hovudmarkeringa her på Leikanger i september vart ein festdag for heile fylket.


Kyrkja tok aktivt del i jubileet med eigne festgustenester. I november kom
heile landet sitt symfoniorkester, Kringkastingsorkesteret, til Eid og lagde ei
strålande konserthelg med artistar og unge talent frå vårt eige fylke. Leiinga i
KORK var oppriktig imponert. Vi fekk vist kva vi kan by på og den 13. desember
kan heile Norge få sjå noko av det i beste sendetid på NRK1.


Åtgaum på Youngstorget vart vellukka og NRK har gjort ein stor jobb, mellom
anna som primus motor for KORK-satsinga.


Oppsummert meiner eg vi har lukkast med å realisere visjonen for jubileet og vi
har langt på veg nådd måla våre. Eg vil takke alle dei gode kreftene som har
medverka til ei så solid og vellukka markering. Dette er nok eit døme på at vi
med dugnad, samarbeid og noko offentleg innsats maktar å få til store ting i
fylket vårt.


Slik bygger vi samhald og identitet for Sogn og Fjordane.

Site developed by S. M. Bjørklund