Grunnlovsseminar på Leikvin tjuvstartar 1814-jubileet

Dato og sted

Dato: 
Fredag, desember 6, 2013 - 18:00
Addresse: 
Leikvin
Vedlegg: 
Fredag 6.desember vert det eit grunnlovseminar på den gamle skrivargarden, Leikvin, på Løken i Eid kommune. Dette bli ei markering av det komande 200 - årsjubileet for grunnlova i 1814 Men det vert òg eit poeng å markere at jubileumsåret for skipinga av Sogn & Fjordane fylke går mot slutten. Tema som t.d. ytringsfridom vil bli tatt opp, og mellom innleiarane blir m.a. vert historikar og forfattar Karsten Ivar Alnæs!

 

Ein kan altså seie at ein ved dette får litt i "pose og sekk" i høve to viktige historiske hendingar, som begge kan knytast opp mot den staden der seminaret skal haldast, på ulike måtar, seier Rune Rotevatn, som no er eigar av Leikvin. 

 

Førelesarar på seminaret vert historikar og forfattar  Karsten Ivar Alnæs, frå Oslo, og den noko meir lokalt tilknytte juristen og amanuensis frå universitetet i Bergen, Eirik Holmøyvik. Han er opprinneleg frå Nordfjordeid. Begge har nyleg har skrive bøker med tema henta frå tida før og under den norske grunnlova si skaping i  1814.  

 

I tillegg til desse kjem også historikaren Anders Timberlid frå Høyanger til å ta del i seminaret.  Han er engasjert i høve  Sogn og Fjordane, den gongen, Nordre Bergenhus Amt, sitt 250- års-jubileum,  som medforfattar av historieverket for fylket som no er under arbeid. Og han  vil ved dette høvet ha fokus på kva innverknad fylket og i særleg grad Nordfjord sine representantar kan ha hatt for innverknad på det som hende på Eidsvoll for snart 200 år sidan. Han vil nok også seie ein del om det som hende nokre tiår tidlegare, då sjølve fylket vart skipa.  Difor legg arrangementet seg fint   inn i rekkja av jubileumsarrangement i 2013. Tidlegare Førdeordførar, gardbrukar og poet, Nils Gjerland, frå Haukedalen i Sunnfjord, kjem også til Leikvin den 6. desember, og vil då framføre nokre av sine eigne dikt. 

 

Og seminaret er i høgste grad på historisk grunn når det blir lagt til L eikvin. Skrivaren Johan Daniel Stub, som var byggherre rundt 1790 for hovudbygninga som står på Leikvin i dag, kom til Nordfjord og kjøpte Løken på midten av 1750 - talet og vart sorenskrivar i Nordfjord i 1762, berre eit år før det nye amtet, Nordre Bergenhus Amt, vart skipa! 

 

NB: Sivilarkitekt MNAL, tidlegare domkyrkjearkitekt , Arne Gunnarsjaa, vil kome til Leikvin i helga før, den 29. nov. til 1. desember, og vil halde foredrag om "Kystens embetsmannskultur sett i et arkitektonisk og nasjonalt perspektiv, i spenningen og virkefeltet mellom det internasjonale og det nasjonale".

 

Begge dei ovennevnte arrangement bør ein vurdere å tinge plass til på førehand for å være sikra ein plass, men det vil også være mulig å komme med ved oppmøte, dersom ein kjem i god tid før arrangementa byrjar.


 

Ta kontakt med Rune Rotevatn, telefon: + 47 94 17 69 86

 

> Sjå elles den vedlagde artikkelen  frå tidsskriftet «Maison» som kjem med mykje historiske fakta om Leikvin, og som fortel om det store restaureringsarbeidet kunstnarparet Inge Rotevatn og Siv Jørstad gjennomførde frå dei tok over huset i 1974.

 

 

 

Site developed by S. M. Bjørklund