JUBEL MED DEI UNGE

Laurdag 18.januar innbyr Gloppen musikkfest til Festkonsert i kultursalen i Trivselshagen med unge klassiske talent frå heile fylket. Deltakarane representerer stor breidde både geografisk og instrument. Dette vert ein spennande konsert med presentasjon av mange flotte talent fylket rundt! Konserten skulle opphavleg gått i haust som ein del av fylkesjubileet. Derfor forlenger vi jubileet litt ekstra for å få plass til denne viktige konserten på jubileumsprogrammet.
Deltakarane er alle igang med utdanning og karriere som klassiske musikarar.Deltakarane er plukka ut etter søknad av ein fagjury som har lytta seg gjennom opptak desse og andre har sendt inn. 
  • DELTAKARAR:
 
  • Mari Askvik, 25 år frå Leikanger - Song
  • Miriam Bergset, 24 år frå Nordfjordeid, fiolin
  • Magnus V Bjørgo, 22 år frå Solund, tuba (bildet)
  • Marita Holme, 22 år frå Gloppen, klarinett 
  • Ragnhild Sannes, 27 år frå Naustdal, cello
  • Andreas Løken Taklo, 22 år frå Florø, klaver
  • Thomas S Melheim 22 år frå Lærdal 
  • Dag Håheim 24 år frå Jølster, gitar-du
  • Akkompagnatør Sigstein Folgerø. Innslag med talentelevar frå Gloppen Kulturskule og Firda vgs
  • Omtale av deltakarane, sjå vedlegget

Prosjektet er støtta av fylkesjubileet og Sogn og Fjordane fylkeskommune.

 

Site developed by S. M. Bjørklund