Nytt og aktuelt

Vinnarfilmane i "Dokument13" kåra på Qfilm-festivalen

I samband med at Sogn og Fjordane fylke feira 250-årsjubileum i 2013 vart det lyst ut ein filmkonkurranse for ungdom: Dokument 2013. I korte dokumentarfilmar skulle ungdom formidle kva dei var opptatt av, fortelje om kvardagar, interesser, hobbyar etc. Ut av dei mange kortfilmane skal det så lagast eit dokumentarfilm, samansett av klipp frå dei mange innsende filmane. "Høst på Nordfjord Folkehøgskule", "What's life" og "Øyriket Solund" til topps i fylkesjubileets "Dokument 13".

Finst Sogn og Fjordane?

Kva identitet har innbyggjarane i Sogn og Fjordane? Dette må vi vel prøve å finne eit endeleg svar på før jubileumsåret er ute! Er vi sognogfjordingar, eller er vi sogningar, sunnfjordingar og nordfjordingar? For finne svar på dette blir det ein debattkveld på De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum 28. nov. kl. 19.00. der har vi henta inn ulike kapasitetar som innleiarar:Leiar i Nynorsk avissenter Arve Sandal, prosjektleiar Fylkeshistorie for Sogn og Fjordane Ole Svein Stugu, frilansjournalist Marit Bendz og fylkespolitikar Frank Willy Djuvik. Det blir òg underhaldningsinnslag ved Jens Brekke, som ikkje kjem til å legge fingrane i mellom! Sjå kort referat frå debatten.

KORK med lokale utøvarar - nytt høgdepunkt i fylkesjubileet

Det var mange som hadde sitt livs musikalske oppleving under jubieleumskonsertane med KORK i operahuset på Nordsfjoreid: 2500 publikummarar, om vi reknar med dei 1000 skuleelevane som med seg kvar si halve generalprøve, alle ferske og veletablerte artistar som fekk spele og synge i lag med landets fremste underhaldnings/symfoniorkester, Eirik Husabø som fekk høyre bestillingsverket sitt, "Tri tonar", urframført. Og KORK sjølve opplevde å vere med på eit konserarrangement langt utan det vanlege, der dei møtte eit oppglødd publikum og eit vertskap som gav dei eit varm mottaking på alle måtar. Dette vart ein imponerande presentasjon av fylket sitt musikkliv og ei verdig markering av fylkesjubileet.
Site developed by S. M. Bjørklund