Om jubileet

Edvin Helgheim

Edvin Helgheim frå Florø er tilsett som prosjektleiar for fylkesjubileet i 2013. Han skal saman med jubileumskomiteen planleggje og gjennomføre arrangement i samband med jubileet.

Sogn og Fjordane fylke feirar 250-årsjubileum i 2013. Ved Kongeleg Resolusjon av 19.september 1763 vart Nordre Bergenhus Amt oppretta. Dette skjedde ved at Bergenhus Amt (oppretta i 1671) vart delt Søndre og Nordre Bergenhus Amt. Amtet bestod av fogderia Indre og Ytre Sogn, Sunnfjord og Nordfjord, og grensene var dei same som no.

Det var Joachim de Knagenjelm frå Kaupanger som gjorde til at vi fekk vårt eige fylke. Han hadde studert jus og ønskte sjølv å bli amtmann. Han var fullmektig hos stiftsamtmannen i Bergen, og prøvde først å få delt arbeidsoppgåvene i amtet i to, slik at han kunne vere amtmann, medan den sitjande stiftsamtmannen tok seg av stiftssakene, altså dei som galdt bispedømmet. Det fekk han ikkje til, men med godt lobbyarbeid vann han fram hos styresmaktene i København, og amtet vart delt i to og han vart amtmann i Nordre Bergenhus Amt.


Joachim de Knagenhjelm vart første amtmannen og tok sete i Kaupanger.Han sat i berre 8 år, og etter han hadde amtmannen i Bergen fram til 1840, då amtmannen flytte til Lærdal. I 1862 vart kontoret flytta til Leikanger der amtmannssetet har vore sidan. 1919 vart namnet endra til Sogn og Fjordane fylke.

Les meir om historia rundt skipinga av amtet her.

 

Jubileet

250-årsjubileet skal feirast over heile fylket med ei rekke arrangement. Hovudkomiteen har formulert ein slik visjon for jubileet:


Vi ønskjer å synleggjere eit Sogn og Fjordane som byggjer opp om kreativitet og nyskaping. Kunnskapen om Sogn og Fjordane vert styrka gjennom det historiske perspektivet. Gjennom historie, kreativitet og nyskaping vil vi byggje ein sterkare identitet knytt til det å vekse opp og bu i Sogn og Fjordane.

 Hovudkomiteen har sett seg slikt mål for jubileet:

Det er eit mål at 250-års-jubileet vert markert i alle kommunar i fylket i tillegg til større fylkeskommunale arrangement og konferansar. Aktiviteten skal ha søkelys på historie, samtid og framtid i Sogn og Fjordane, gjennom aktivitet, underhaldning og debatt.


Offisiell opning av jubileet blir på Nordfjordeid 21.mars 2013. Elles vil det bli ei rekke programinslag gjennom heile året, med ei særleg offisiell markering i veke 38. Les heile programmet her.

Jubileumsprodukt

Jubileet sin logo kan brukast på ulike jubileumsprodukt. Produktet bør halde ein god standard, og bruken av logo må godkjennast. Send inn bilde og beskriv korleis og på kva artiklar logoen skal brukast. Trykte produkt, t.d. brosjyrar eller aviser, kan ikkje utgjevast som jubileumsprodukt med jubileumslogoen utan i samarbeid eller med avtale med jubileet.

Hovudkomiteen

Fylkestinget har nemnt opp hovudkomiteen for jubileet, som består av:

  • Fylkesordførar Åshild Kjelnes, leiar
  • Jenny Føllling, leiar i KS i Sogn og fjordane
  • Nils Gjerland, leiar i Hovudutvalet for kultur
  • Fylkesmann Anne Karin Hamre.
  • Bård Haukedal, Den norske kyrkja

 

Prosjektleiing

Administrasjonen av jubileet er lagt til kulturavdelinga i fylkesadministrasjonen og til kulturdirektør Ingebjørg Erikstad. .
Edvin Helgheim vart frå 01.05.12 tilsett som prosjektleiar for jubileet
Sjå adresser for kontakt

Kontakt

Postadresse:

Sogn og Fjordane 250
Postboks 173
6810 FØRDE

Prosjektleiar Edvin Helgheim
epost: Edvin.Helgheim@sfj.no

 

Site developed by S. M. Bjørklund