Vinnarfilmane i "Dokument13" kåra på Qfilm-festivalen

I samband med at Sogn og Fjordane fylke feira 250-årsjubileum i 2013 vart det lyst ut ein filmkonkurranse for ungdom: Dokument 2013. I korte dokumentarfilmar skulle ungdom formidle kva dei var opptatt av, fortelje om kvardagar, interesser, hobbyar etc. Ut av dei mange kortfilmane skal det så lagast eit dokumentarfilm, samansett av klipp frå dei mange innsende filmane. "Høst på Nordfjord Folkehøgskule", "What's life" og "Øyriket Solund" til topps i fylkesjubileets "Dokument 13".

Eit viktig formål, ved sida av å fortelje kva ungdom i Sogn og Fjordane er opptatt av i 2013, var det ein mål å stimulere filminteressa blant ungdom i fylket. Konkurransen har vist at det er stor filminteresse – og at det er mange unge filmtalent i fylket vårt.

Det kom inn 35 bidrag til Dokument 2013. Alle dei innsende bidraga vil bli vurderte som mulege innslag i den endelege dokumentarfilmen Dokument 2013. Og då er det snakk om klipp frå så mange som muleg av dei innsende bidraga.

Juryen har valt ut tre vinnarar. Førstepremien e r på kr. 10 000.-, andrepremien er kr 5 000.- og tredjepremien er kr. 2 500.-

Tredjepremien går til «Øyriket Solund» av Elias Engevik. Premien går til ein film som viser fram ein av kommunane i Sogn og Fjordane, med natur, folkeliv og fellesskap. Filmen fortel om godt film-handtverk og om kjærleik til øyriket som vert skildra.

Andrepremien går til «What is Life?» av Erik Nyland. Dette er ein film som vågar å eksperimentere, i ei form som let den personlege stemma reflektere over sentrale eksistensielle spørsmål. Eit gjennomført, talentfullt arbeid.

Førstepremien går til «Høst på Nordfjord folkehøgskole», av Jostein Venås

Vinnaren er ein film som viser både naturopplevingar, sosialt fellesskap og poetiske stemningar. Filmskaparen viser at han meistrar filmmediet, i ei enkel og direkte form. Filmen viser mangfaldet av opplevingar knytt til ein folkehøgskule i fylket vårt, men gjev samstundes bilde av natur og landskap som gjev utfordringar på ulikt vis.

Prisane blei overrekte av Jenny Følling som er med i hovudkomiteen for fylkesjubileet.

Her kan du sele av vinnarfilmen: http://www.nrk.no/video/qfilm_2013_host_pa_nordfjord_fhs/8E6711EBD56099C...

 

Site developed by S. M. Bjørklund